25.5.09

Drag i sjøen


Kjartan Myklebust skriv:
No er det på tide at nokon skriv på "målet hennar mor" i denne kulturminne-bloggen. Eg tek gjerne på meg det.


Kystkultur har for meg alltid handla om opne robåtar. Det friske livet i dei opne trebåtane! Då eg på 80-talet kom til Sørlandet vart seglet for alvor introdusert for meg. På Nordvestlandet og i min oppvekst, spesielt dei lange somrane hos bestemor og bestefar i Ivagarden på Ulstein, var dette forbunde med så mykje fare, med fallvindar frå hengedalar i fjella, som sleppte or ein sekk, og gjerne medfølgjande forlis, at det er truleg grunnen til at den slags befordring stort sett vart underkommunisert til oss som ikkje visste betre. Stort sett hang segla som morkna filler og reint museal, teatral staffasje på naustloftet i det store Iva-naustet eg kjende så vel, ved den drivkvite, men kaldblåste rivieraen ut mot storhavet ved Runde. Mellom segla hang også gamle, morkna garn med grøne glaskuler. Alt dufta av salt, tang og tare og fortalde kystkulturhistorie.


Nei, det var aldri snakk om anna enn å ro. Så eg rodde meg ut i fjorden, heiv ut svenskepilk midt i djupaste renna og kom alltid inn med stor lyr, sei eller torsk. Men eg var "by"-gut frå Ørsta. Syskjenbarn, tanter og onklar lo litt overberande, men stilna då dei såg eg kom med skikkeleg fangst.


Dei har diskutert "Kystkultur i Oslofjorden" på P2 i det siste. Oslobaserte forskarar snakkar om kystkultur som eit framandord og hevdar samtidig sunnmøringar trur dei sjølve har funne opp både ordet og innhaldet, som noko som stort sett handlar om Norge frå Stadt og nordover. Fordi 80% av befolkninga bur mindre enn ei mil frå kysten, må vi heller snakke om at vi er ein kystnasjon, seier dei, sjølv om dei i Oslo ikkje veit om det. I Språkteigen i dag (skrivande stund) snakka dei om namn langs kysten som har opphav minst 3-4000 år tilbake, altså kanskje frå rett etter siste istid. Det var ikkje rare bondegardane på Austlandet då! Likevel har den reindyrka bondekulturen prega historieskrivinga i dette landet. Jau, vi er ein kystnasjon. Men jau, vi må også omtale ein eigen kystkultur, om eit karrig liv langs heile kysten, frå Halden til Kirkenes (kanskje med tyngdepunktet vest- og nordpå, langt frå bykulturen?) som for lenge har levd i skuggen av anna kultur. Tenkjer eg.


Då eg i vaksen alder tok til å segle open båt rundt skipsleia i Ulstein og Herøy med sjølvsydd 15 kvm råsegl (seilsyngskurs på Bragdøya) og eg til og med vasa meg bortom Vattøya og heilt ut på "Sneldå", kom dei settande ned gjennom meterhøgt gras i attelegene då eg runda moljen på småbåthamna til Ivagarden. Dei ga meg ei durabeleg preike. "Du fêr aldri der meir!" og "Du må vite du alltid skal ha 20 famner under kjølen!" Eg hadde sirkla rundt ei grunne som eg tilfeldig hadde oppdaga. Ho var heilt kvit og rein på toppen (med flekker av raud blymønje?), som ein fjelltopp to-tre meter under vasskorpa. Eg var fascinert! Fisk vart det ikkje, så eg sigla til Runde og besøkte vener og kom heim i fjøra først i kveldinga. Dei hadde følgt meg med kikkert frå fleire hus, uavhengig av kvarandre. Det var på Sneldå (Snella) han onkel Oskar hadde forlist ein vinter. Han flaut opp og dreiv i land i fjøra under Hundedagane same sommaren. Det er så mykje "drag" i sjøen på desse kantar, at brått kan undervassgrunner som Sneldå verte nækt på ein blunk, sjøen forsvinn under deg i eit slurpande sug, så du brått slår hardt mot rein fjellgrunn, for så i neste augneblink å verte hjelpelaust knust og gøymd av at sjøen bryt innover mann og båt med veldig kraft. Det kan gjerne skje ein solblank dag. Havet er aldri verkeleg i ro. Iallfall kan du aldri kalkulere med det. Ikkje på desse kantar.


Det er annleis ved Skagerak og det blide Sørland, der du ikkje ein gong har skilnad på flo og fjøre og oftast berre kan hive ein tamp opp på ei brygge og trygt forlate båten slik og rekne med å finne han att på same staden neste dag.

Episoden har ikkje hindra meg frå å ro eller segle til havs, men eg ser endå av og til for meg den kvite toppen og det svarte djupet rundt og eg har av og til snudd meg i senga for å riste synet av meg, når eg har tenkt på Sneldå og onkel Oskar, "drag i sjøen" og Hundedagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar